tirsdag 27. januar 2009

Forandring fryder

I dag har eg vore så heldig å vore modell for Miriam Almås. Ho går nemlig i læra som frisør, og trong nokon til å øve seg på. Sidan eg hadde tenkt og klippa meg snart uansett, passa dette veldig bra! Det vart ein bob frisyre, og eg har ikkje hatt så kort hår sidan eg var lita.
Eg vart svært nøgd med resultatet, og heldigvis vart Øyvind det også..

I kveld har eg stripa håret på meg sjølv for fyrste gong. Det var faktisk ikkje så vanskeleg som eg trudde. Håret er fortsatt vått, så vanskeleg å seie noko på resultatet endo, men trur det vart bra.. :)

Joggebukse fest

Det vart til slutt ein svært velykka joggebuksefest, med mykje lekar og morro. Dei eg har snakka med var fornøyd med kvelden, og dette varmar hjarte til festarrangørane:D


her er nokre bilete frå kvelden..


Kjem fleir bilder..

fredag 12. desember 2008

Julebord

Då var det svært så velykka julebordet over. Sidan me er studentar, og fattige fann me ut at det luraste var å arrangere privat julebord i år. Sidan me har god plass, vart det hos meg. Me kjøpte inn pinnekjøtt, og så skulle me lage maten i felleskap. Det gjekk kjempefint! Det var mykje lettare og lage pinnekjøttmiddag enn eg hadde trudd, å det vart kjempegodt! :)

Etter me hadde spist var det Singstar som sto på programmet. Sidan me var så mette etter middagen spiste me dessert'en i singstar pausen.. :)

Kvelden vart svært lang, og svært bra! Dei siste tok beina fatt kl. 4.00 i natt.

Her er nokre bilete frå kvelden.









søndag 7. desember 2008

Blitt "tagg'a"

Jada, då har eg og blitt tagga, og reglane er som følger:

- Du må lenke til den du vart tagga av.
- Lag ei liste med seks (u)interessante ting om deg sjølv.
- Tag fem andre bloggarar og let them know.

Eg tagger:
Silje
Gunhild
Nurxhan
Camilla
Merete

(spennande at alle tagga dei samme:P men eg har ikkje val. Det er dei bloggane eg veit om..)

Her kjem dei uinteressante faktaene om meg:

1. Eg skal til å synge tostemt med pappa
2. Eg er på stord for øyeblikke, og skal reise heim i kveld
3. Har akkuratt funne fram julepynten til mamma å dei for å sile ut det som er mitt
4. I går var eg i to års dag til onkelungen til Øyvind
5. Eg er ikkje så glad i fisk, pga at ein kan plutseleg møte på bein...
6. Me har hengt opp ei "jalla stjerne" i leiligheten som lyser blått, grønt og rødt.

onsdag 3. desember 2008

Kva synes du?

Då var det eksamenstid, og som alltid skal me levere ein portefølje med ei eksamensoppgåve, og to av oppgåvene me har hatt i løpet av året. Eksamensoppgåva i år er bevertning.

Det er ein restaurant som eit ektepar skal starte. Sidan mannen er italiensk, og dama norsk, skal det serverast italiensk mat, og norsk mat med ein ny vri. Dei vil ha ein skandinavisk stil på interiøret, som passar til målgruppa. Dvs ungdommar og litt eldre. Blir spennande og sjå korleis resultatet blir.

Men, eg skal lage ei framside for heile porteføljen. Eg har laga 3 utkast, og klarar ikkje bestemme meg for kva eg ska bruke. Eg treng di hjelp! Gå inn på kommentar og sei kva bilde du syns eg skal bruke. :) Så ser eg kva fleirtalet meinar.


Bilde 1



Bilde 2



Bilde 3

søndag 30. november 2008

5 års dag:D

Då har eg og Øyvind vore ilag i 5 år. Merkeleg og tenka på.


Eg kjenner han så godt at eg føler at eg alltid har kjent han, men allikevel føles det som om me akkuratt har møtt kvarandre. :P

Uansett, 5 års dagen vart ein kosleg dag! Me sto opp, Øyvind laga frokost til meg, og hadde tent mange stearinlys. Så gjorde me oss klare for å få full kroppsmassasje på Chica. Svært avslappande.. Etter det handla me litt julepresangar, i tillegg til litt julepynt. Så bar det ned på festplassen for å sjå på fyrverkeri. Der var det nemlig sett opp ein stor scene der ein mann holdt tale om jula, og advent og så var det synging av julesangar. Alt dette vart avslutta med eit fantastisk fyrverkeri eg ALDRI har sett maken til... Sidan det var 5 års dagen vår valgte me og tenke at det var til oss;) Det var svært rørande når me sto der å holdt rundt kvarandre!

Så tok me bussen heim, og bestilte Dolly pizza med oss. Så såg me på film, What happens in Vegas, stays in vegas. Kjempe gøy film. :o)


Det var altså 5 års dagen vår. Me satsar på fleire slike feiringar i framtida. :)


lørdag 22. november 2008

Jul

Då var det helg igjen, og i dag har me brukt dagen til å kjøpe julepresangar. Det vart ein velykka shopping tur, å nesten alle innkjøp til jul er gjort.

Sidan me ikkje har så mykje julepynt benytta eg anledningen til å kjøpe litt. Eg gjekk til innkjøp av ein adventstake og ei lysestjerne til vinduet. Eg var svært fornøyd med stjerna i pleksiglass heilt til eg fekk den opp, og den til min store forskrekkelse veksla mellom rødt, blått og grønt lys.... Snakk om jalla!

Eg vart svært frista til å pynte til jul, men skal klare og holde meg nokre dagar til. :)

For øyeblikke sit eg å slappar av i leiligheten, medan Øyvind er ute på julebord. Missunner han for pinnekjøtt middagen..