søndag 30. november 2008

5 års dag:D

Då har eg og Øyvind vore ilag i 5 år. Merkeleg og tenka på.


Eg kjenner han så godt at eg føler at eg alltid har kjent han, men allikevel føles det som om me akkuratt har møtt kvarandre. :P

Uansett, 5 års dagen vart ein kosleg dag! Me sto opp, Øyvind laga frokost til meg, og hadde tent mange stearinlys. Så gjorde me oss klare for å få full kroppsmassasje på Chica. Svært avslappande.. Etter det handla me litt julepresangar, i tillegg til litt julepynt. Så bar det ned på festplassen for å sjå på fyrverkeri. Der var det nemlig sett opp ein stor scene der ein mann holdt tale om jula, og advent og så var det synging av julesangar. Alt dette vart avslutta med eit fantastisk fyrverkeri eg ALDRI har sett maken til... Sidan det var 5 års dagen vår valgte me og tenke at det var til oss;) Det var svært rørande når me sto der å holdt rundt kvarandre!

Så tok me bussen heim, og bestilte Dolly pizza med oss. Så såg me på film, What happens in Vegas, stays in vegas. Kjempe gøy film. :o)


Det var altså 5 års dagen vår. Me satsar på fleire slike feiringar i framtida. :)


lørdag 22. november 2008

Jul

Då var det helg igjen, og i dag har me brukt dagen til å kjøpe julepresangar. Det vart ein velykka shopping tur, å nesten alle innkjøp til jul er gjort.

Sidan me ikkje har så mykje julepynt benytta eg anledningen til å kjøpe litt. Eg gjekk til innkjøp av ein adventstake og ei lysestjerne til vinduet. Eg var svært fornøyd med stjerna i pleksiglass heilt til eg fekk den opp, og den til min store forskrekkelse veksla mellom rødt, blått og grønt lys.... Snakk om jalla!

Eg vart svært frista til å pynte til jul, men skal klare og holde meg nokre dagar til. :)

For øyeblikke sit eg å slappar av i leiligheten, medan Øyvind er ute på julebord. Missunner han for pinnekjøtt middagen..

tirsdag 18. november 2008

Helg

Då var helga over, og skulearbeidet heng over meg..

Helga har vore bra! Me hadde eit svært velykka vors i Fjøsangerveien.

Og er her litt bilde.. :)




































onsdag 12. november 2008

Interiør: Lobby

Då var tre vekers projektarbeid ferdig og me er fornøyd med resultatet. Ein del småting skal forandrast på, men alt i alt vart det ei bra oppgåve.

Oppgåva gjekk ut på å innrede lobbyen på Clarion Hotel With i Tromsø. Først skulle me lage ein ide plansje, og etter det velgje fargar og materialer som passa til den.

Her er noko av det me har gjort dei siste tre vekene. :)






























fredag 7. november 2008

Endelig helg:)

Då var det heimatt til Stord igjen. Sitter på med bror min heim, så det skal blir kosleg med ei helg der heile familien er samla. Øyvind blir igjen i Bergen for å øve på kjemi, stakkar.. Men han gleder seg til å få prøve å vera aleina ei heil helg. Han har jo aldri budd aleina, så blir spennande å sjå korleis han klarar seg;)

God helg alle saman! :D

onsdag 5. november 2008

Trening

No har me omsider klart å komme oss opp av sofaen igjen, å inn på treningsenteret. Pga forkjølelse å diverse har me hatt ein "fri"periode. Eg fekk ein deilig følelse etter å ha sprunge på trede mølla i ca ein halv time. No kan eg endeleg ha god samvittighet igjen..

Sidan eg har svært dårleg kondisjon, må eg begynne litt forsiktig. Dersom eg kjører på blir eg utslitt, å orker ikkje meir. Eg har svært dårlig tolmodighet, og det er nok dette som har gjort at eg har gitt meg med trening før. Ser eg ingen resultat etter to veker blir eg liksom ikkje motivert.. Men eg må vel bare innsjå at det tar meir enn to veker å komme i form!

Fjøsangerveien 147

No er me endeleg blitt sambuarar etter 5 år ilag. Me bur i utleigeleiligheten til bror min, Martin. Han er svært snill, og gir oss ein GOD pris for ein STOR leilighet.

Me trivst veldig godt ilag. Me kjenner kvarandre ganske godt, så me visste kva me gjekk til når me valgte å bli sambuarar. Det har vore veldig lite krangling heldigvis.. Litt uenighetar anngåande husarbeid har da vore, men det vart fort faste reglar på ting.

Bergen by og Interiør

Eg flytta til Bergen for 1 og 1/5 år sidan. Først budde eg aleina i ei lita hule i Nordre skogvei 70. Der trivdes eg svært godt tross alt. Det var akkuratt stort nok til ein person, og etter litt maling vart det eit svært trivleg hi.

Nokre likar lite å bu aleina, men eg syns det var ganske behagleg. Den einaste eg skulle ta hensyn til var meg sjølv, difor vart det lite krangling. Noko av det beste var at eg lærte og ta vare på meg sjølv, økonomisk og sosialt. Eg var svært spent første skuledag. Eg var aleina for første gang, utan vennindene mine, foreldrene mine og alt det kjente. No skulle eg ut i verden og treffe nye mennesker, og få nye kunnskapar...

Året gjekk svært fort, og me hadde fleire interessante oppgåver på skulen. Første oppgåva var og innrede ein Entree. Noko som var frykteleg vanskeleg for oss nyfødte innan interiør yrke.

Men på eit og eit halvt år har me tatt for oss stue, kjøkken, bad, fritidsbolig, livsløpsbolig, legekontor, smykkebutikk og no lobbyen i "Clarion Hotel With" i Tromsø. Lobbyen er den første gruppeoppgåva vår. Me skal leverere inn på mandag 10.nov så det nermar seg slutten. Men eg trur det blir eit svært bra resultat. :)

Kor lenge klarar eg dette?

Endeleg har eg og fått summa meg til å lage ein blogg. Grunnen til at det tok si tid er at eg måtte vurdere om eg kom til å klare og oppdatere ofte nok, til at det var ein vits.

Men etter å ha sutte no i ein time med operativ ledelse, undervisning på den gamle måten, fann eg ut at eg måtte ha noko å setje fingrane i. :P Eg håpar at eg kan klare oppdatere ofte, men då treng eg tilbakemelding frå dykk;)