lørdag 22. november 2008

Jul

Då var det helg igjen, og i dag har me brukt dagen til å kjøpe julepresangar. Det vart ein velykka shopping tur, å nesten alle innkjøp til jul er gjort.

Sidan me ikkje har så mykje julepynt benytta eg anledningen til å kjøpe litt. Eg gjekk til innkjøp av ein adventstake og ei lysestjerne til vinduet. Eg var svært fornøyd med stjerna i pleksiglass heilt til eg fekk den opp, og den til min store forskrekkelse veksla mellom rødt, blått og grønt lys.... Snakk om jalla!

Eg vart svært frista til å pynte til jul, men skal klare og holde meg nokre dagar til. :)

For øyeblikke sit eg å slappar av i leiligheten, medan Øyvind er ute på julebord. Missunner han for pinnekjøtt middagen..

Ingen kommentarer: