fredag 12. desember 2008

Julebord

Då var det svært så velykka julebordet over. Sidan me er studentar, og fattige fann me ut at det luraste var å arrangere privat julebord i år. Sidan me har god plass, vart det hos meg. Me kjøpte inn pinnekjøtt, og så skulle me lage maten i felleskap. Det gjekk kjempefint! Det var mykje lettare og lage pinnekjøttmiddag enn eg hadde trudd, å det vart kjempegodt! :)

Etter me hadde spist var det Singstar som sto på programmet. Sidan me var så mette etter middagen spiste me dessert'en i singstar pausen.. :)

Kvelden vart svært lang, og svært bra! Dei siste tok beina fatt kl. 4.00 i natt.

Her er nokre bilete frå kvelden.









søndag 7. desember 2008

Blitt "tagg'a"

Jada, då har eg og blitt tagga, og reglane er som følger:

- Du må lenke til den du vart tagga av.
- Lag ei liste med seks (u)interessante ting om deg sjølv.
- Tag fem andre bloggarar og let them know.

Eg tagger:
Silje
Gunhild
Nurxhan
Camilla
Merete

(spennande at alle tagga dei samme:P men eg har ikkje val. Det er dei bloggane eg veit om..)

Her kjem dei uinteressante faktaene om meg:

1. Eg skal til å synge tostemt med pappa
2. Eg er på stord for øyeblikke, og skal reise heim i kveld
3. Har akkuratt funne fram julepynten til mamma å dei for å sile ut det som er mitt
4. I går var eg i to års dag til onkelungen til Øyvind
5. Eg er ikkje så glad i fisk, pga at ein kan plutseleg møte på bein...
6. Me har hengt opp ei "jalla stjerne" i leiligheten som lyser blått, grønt og rødt.

onsdag 3. desember 2008

Kva synes du?

Då var det eksamenstid, og som alltid skal me levere ein portefølje med ei eksamensoppgåve, og to av oppgåvene me har hatt i løpet av året. Eksamensoppgåva i år er bevertning.

Det er ein restaurant som eit ektepar skal starte. Sidan mannen er italiensk, og dama norsk, skal det serverast italiensk mat, og norsk mat med ein ny vri. Dei vil ha ein skandinavisk stil på interiøret, som passar til målgruppa. Dvs ungdommar og litt eldre. Blir spennande og sjå korleis resultatet blir.

Men, eg skal lage ei framside for heile porteføljen. Eg har laga 3 utkast, og klarar ikkje bestemme meg for kva eg ska bruke. Eg treng di hjelp! Gå inn på kommentar og sei kva bilde du syns eg skal bruke. :) Så ser eg kva fleirtalet meinar.


Bilde 1



Bilde 2



Bilde 3