onsdag 5. november 2008

Bergen by og Interiør

Eg flytta til Bergen for 1 og 1/5 år sidan. Først budde eg aleina i ei lita hule i Nordre skogvei 70. Der trivdes eg svært godt tross alt. Det var akkuratt stort nok til ein person, og etter litt maling vart det eit svært trivleg hi.

Nokre likar lite å bu aleina, men eg syns det var ganske behagleg. Den einaste eg skulle ta hensyn til var meg sjølv, difor vart det lite krangling. Noko av det beste var at eg lærte og ta vare på meg sjølv, økonomisk og sosialt. Eg var svært spent første skuledag. Eg var aleina for første gang, utan vennindene mine, foreldrene mine og alt det kjente. No skulle eg ut i verden og treffe nye mennesker, og få nye kunnskapar...

Året gjekk svært fort, og me hadde fleire interessante oppgåver på skulen. Første oppgåva var og innrede ein Entree. Noko som var frykteleg vanskeleg for oss nyfødte innan interiør yrke.

Men på eit og eit halvt år har me tatt for oss stue, kjøkken, bad, fritidsbolig, livsløpsbolig, legekontor, smykkebutikk og no lobbyen i "Clarion Hotel With" i Tromsø. Lobbyen er den første gruppeoppgåva vår. Me skal leverere inn på mandag 10.nov så det nermar seg slutten. Men eg trur det blir eit svært bra resultat. :)

2 kommentarer:

Gunhild sa...

Du må legga inn bilete når du får ;)

Katrine :) sa...

skal prøva på da.. ;) har jo kje alt på min data, men ska nok få alt t slutt. :)